Helle Sigmund

Helle

Varenr.
7023890060476
Lager
På lager
Pris
kr 1 649

Sigmund vart laga for Helle sitt 80-års jubileum i 2012. Her heidra den andre generasjonen den første generasjonen ved Helle ved å utvikle ein kniv som nytta gamle verktøy og design med nye materiale.

Sigmund er ein klassisk turkniv bygd etter malen til dei gamle Fjellknivane til Helle. Den har eit skaft sett saman av lær og ulike tresortar, og eit høgpolert blad som gir  ideell balanse mellom kontroll og størrelse.

Sigmund kjem med ei slire i ekte lær med eit trykk som vart brukt på dei originale Fjellknivane frå 50-talet. 

  • Vekt: 94 g
  • Stål: Laminert rustfritt trelagsstål – Helle
  • Bladtykkelse: 3,0 mm
  • Bladlengde: 107 mm
  • Konstruksjon: Stikktange
  • Skaftmateriale: Bøk, lær og mørk eik
  • Skaftlengde: 107 mm
  • Sliremateriale: Ekte vegetabilsk lær
  • Designer: Helle
  • Designår: 2012

 

Relaterte varer